fredag 2. mars 2012

Privatliv?

Som ein lærar skal du halde deg oppdatatert innan teknologi og kva som fengar elevane. Den store diskusjonen ute no er bruk av sosialemediar. Skal elevar var tilgjengelig på facebook og liknande både med elevar og foreldre? Eller skal det vere totalforbud?

I praksis har vi som studentar fått totalforbud mot å ha elevar på facebook. Dette er fordi det har vert eit par uheldige episodar der private bilder har kome ut blant elevane og blitt misbukt. Mange skular og barnehagar har fulgt etter med forbud mot å legge til både elevar og foreldre. Eg trur vi har kome til ei tid der vi må restriksere oss nøyare. Bilde og informasjon som kan virke uskyldig, kan lett bli misbrukt og manipulert og få store konsekvensar. Eit ekstremt tilfelle kan du lese om i vg kor ein lærar spøkar om Utøya på facebook og får dermed sparken.

Kor tilgjengeleg skal ein lærar vere?
Mange kommunar og skular seiar at Facebook ikkje skal brukast med elevar og dermed har ikkje læraren noko ein skulle sagt. Eg synst personleg at det er heilt greit. Eg trengte ikkje å vite alt om læraren min når eg gjekk på skule, og det treng ikkje elevane mine hell. Telefon og mail er meir enn nok. Meldingar på mobilen kan du sjølv sjekke og svare når ein vil. Dette seier Harboe seg enig til også(Harboe, Leif 2010:184)

Eg tenkjer også at det er ein del foreldre som søker i overkant mykje kontakt. Og er du tilgjengeleg på telefon, mail, facebook så kan det bli for mykje. Lærar er jo ein jobb, ikkje eit liv. Sjølv om dei fleste lærarar er tilgjengeleg 24/7. ¨

Men ein ting som er kjekt er at det er lettare å ha positiv kontakt med foreldre og elevar ved bruk av f.eks Facebook. Det går kjapt og enkelt å seie at i dag gjekk det slik og slik, godt jobba. Slik at man kan ha ein positiv relasjon mellom skule og heim.

Eit inntrykk eg sett igjen med er at dessto yngre lærarane er, til meir positiv er dei til bruk av sosiale mediar i kontakt med heimen og elevane.

Fordelar med å vere medlem av sosialemediar:
-Man kan lettare få kontakt med elevar om det er noko
-Samtalen blir meir uformell

Ulempar:
-Når skal man sette strek å få eit privatliv?
-Man ender opp å dele meir enn nødvendig


Kjelde:
Dyveke Nilssen vg.no http://www.vg.no/nyheter/innenriks/oslobomben/artikkel.php?artid=10043265 hentet 02.03.2012
Harboe, Leif(2010) Norskboka.no Digitale verktøy i norskfaget 2.utg. Universitetsforlaget

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar