torsdag 1. mars 2012

Digitale læringsressusrsa

I praksis i barneskulen har eg vert borti digitale læringsressurser. Dette forgår anten på smartboard eller data. På nokre skular har dei faste dagar kor kvar klasse brukar dette. Eg har ikkje erfart å bruke dette i ungdomskulen og har forstått at slike resurssar er mest tilrettelagt til dei yngre i elevane. Nettressursane er som regel laga i form av små spill, oppgåver og liknande med mykje fargar, animasjoner og konkurranser. For å gjere kunnskap til ein leik og noko morosamt.

Mine erfaringer med desse er at elevane synst det er kjekt med noko ansleis og variert undervisning. Og spel er noko dei fleste kjenne igjen og dermed treng lite instruks. Men her er det også ein ulempe med at dei fylle berre svar, ikkje gjer utrekningar. På denne måten veit ikkje læraren kva som ikkje blir gjort rett. Det mange av desse ressursane treng er ein lærarkonto, der læraren kan gå inn å sjekke kva elevane svarar rett og galt på. Slik at det ikkje berre blir leik, men også at dei kan lære av det. Både lærar og elevar.

Eg har gjort observasjoner når elevar får lov til å bruke slike ressursar. Det er stor arbeidsvilje og alle er ivrig. Iverfall i byrjinga. Dei likar å konkurrere mot sidemann på ein vennleg måte, samarbeid funkar også veldig bra. Ressursane er som regel tilpassa til ulike vanskeleghetsgrader og elevane kan velje stigande eller gå rett på det vanskelegaste. Her blir dei på ein ufarleg måte utfordra fagleg. Elevane tørre å gjer feil utan at det gjer så mykje. Man slepp viskelær, men man lære ikkje nødvendigvis av sine feil om man ikkje må svare rett for å gå videre.

Det eg savnar er hensiktsmessige nettressursar til ungdomskule elevar. Dette er kanskje dei elevane som treng variasjonen mest. På barneskulen blir man nå "bortskjemt" med fargerike spill, oppgaver, bilde, filmar, skodespel, forteljingar med på ungdomskulen foregår det meste med penn og papir. Og dette er når dei treng det mest..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar